heading
forord
 
 
 
FORORD

"Hemsedalsmålet, Ord og Uttrykk", vart utgjeven som bok i 1999 av Hemsedal Mållag. Dette viktige og
tidkrevjande arbeidet som Knut Skolt og Margit Halbjørhus Wøllo hadde brukt fleire år på, fekk Buskmål sin
gjevaste pris i år 2000. Delar av boka har også vorte nytta i Universitetet i Oslo sitt arbeid om dei ulike
dialektane i Noreg.

Etter at boka kom ut, held Margit fram med arbeidet og fleire ord og uttrykk vart lagt til.
(Knut døydde i 2001 og Margit døydde i 2016). Det har difor vorte meir og meir aktuell å gje boka ut på nytt
i ei meir utvida og bearbeida form. I tillegg til dialektorda og tydingane, var det også ynskjeleg å setja inn dei
nynorske synonymorda.

Kjell Snerte har redigert og skrive inn alle orda i Word dokument. Kjell Venås har hjelpt til med nynorskorda.
I takt med den elektroniske utviklinga var det også ynskje om å publisera heile boka på internett. Det spesielle ved
denne utgåva som du no ser på, er at det er lagt til lydeksempel av alle dialektorda. Lese inn av Margit sjølv og publisert på internett i 2013. Dette gjev boka ei heilt ny tyding, og er på same tid ein viktig dokumentasjon av det som særmerkjer denne dialekta.

Sonen og musikaren Erik Wøllo har utarbeidd heile dette prosjektet, og står for både lydinnspeling,
tilretteleggjing og internettdesign.
 
 
 
 
mhw
 
ks
 
 
 

Her er fororda frå fyrste utgåve av boka i 1999:

Forfattarane:

Når ordlista no blir lagt fram for hemsedølene, legg me med ei helsing. Me har hatt stor glede av å arbeide med dette desse
åra. Me vaks opp i ei anna tid. Ved å samtalast, levde me oppatt mykje av det me hugsar frå barneåra. Barneflokken var heime med foreldre og besteforeldre, framandfolk og tenarar kom og gjekk. Ungane fekk vera med i arbeidet, i fjøset, i skog og mark og på stølen. Det er ei mengd med ord som knyter seg til leik og arbeid, i kvardag og helg, slik levemåten og vilkåra var,
på godt og vondt. År etter år, ætt etter ætt hadde dette halde seg slik i fjellbygda vår.

Men so har me fått oppleva at so mykje er vorte anslein. Aldri har det vel vore så store omveltingar som i desse siste hundre
åra. Frå den tida alt var tilverka heime, då me hadde parafinlampe og hest, krigsåra med rasjonering og militærtroppar,
og alt som skulle koma i gjenge att då freden kom. Det vart hjelpemiddel, traktor, bil og elektrisitet. Alt dette virka inn på
folkelivet, skulen og samværsformene, og alle orda kunne ikkje koma i gløymeboka.

Det er ei oppgåve for heim og skule å ta vare på særpreget ved dialekta vår. Dette står opp til dei som har tida framfor seg.
Å sameine noko av det beste frå den gamle tida med noko av alt det nye som kjem.

Hemsedal, februar 1999
Knut Skolt, Margit Halbjørhus Wøllo



Hemsedal Mållag:

Ei ordbok til lyst og nytte

Hemsedal Mållag tykkjer det er ei ære å hjelpe til med å gjera arbeidet til Knut Skolt og Margit Halbjørhus Wøllo tilgjengeleg for hemsedøler og andre som er interesserte i språket vårt. Me har følgt med i innsatsen deira i fire år, og veit at svært mykje var gjort også før den tid. Ingen som ikkje sjølv har sysla med den slags, kan ane kva som krevst for å få noko slikt som dette til, både av strev, kunnskap og gravelyst. For hemsedalskulturen er arbeidet deira ein blome i knappholet. For bygda er det eit føredøme å tenkje over: bygdekulturen vil nokså fort visne bort om det ikkje finst eit godt knippe av slike folk som desse forfattarane - folk som går laus på oppgåva som kulturberarar med liv og lyst, endå det gjev lite og ingenting i kassa.

Hemsedal Mållag vil gjerne sjå på "Hemsedalsmålet" som noko meir enn ei bokutgjeving. Me veit dialekten vår er under eit
press så sterkt at han sikkert vil forsvinne innan heller stutt tid om me berre let humla suse. Mange - dei fleste? - vil meine
atnoko av det viktigaste kjennemerket ved lokalkulturen dermed går tapt. Er det greitt? Dersom ikkje, kva kan me gjera kvar
på vår plass for å halde hemsedalsmålet levande som bruksmål for nye generasjonar? Kunne denne boka vere eit startsignal
for auka medvet og vilje i så måte - både i heim, skuleverk, næringsliv og offentleg samanheng, så ville ikkje minst
forfattarane bli glade. Så ynskjer me alle god tur gjennom desse to hundre sidene. For mange trur me det vil bli ein svir.
Vel er ein god del av ordtilfanget uaktuelt i dag fordi det praktiske livet har endra seg så mykje. Men det er rikeleg att.
Kanskje er hemsedølene eit fåmælt folkeferd. Men både ord og uttrykk i "Hemsedalsmålet" syner at dei "kunne få sagt det"
på ein langt meir fengjande måte enn i det standardiserte hastverksmålet som dei fleste av oss lett hamnar i.
Det er ingenting i vegen for å bruke denne boka til å få litt meir fres og farge på uttrykksmåten vår - både i skrift og tale.
God jakt!

Hemsedal Mållag takkar alle som har hjelpt til på vegen. Ein særleg takk til professor Kjell Venås for råd og rettleiing,
og til Sønnev Skrede, Grethe Jervøy og Kjell Snerte for arbeid med tilrettelegging, inntasting og korrektur.
På kolofonsida går det fram at kommunen og ei mengd verksemder i Hemsedal har ytt økonomisk stønad til prosjektet.
Utan deira hjelp hadde vi ikkje fått det til. Takk!

Hemsedal februar 1999
HEMSEDAL MÅLLAG

 
 
 
"Båten ber oss
frå sund til sund.
Orda ber våre tankar
"
 
 
 
 
Lyd/Html design: Erik Wøllo (versjon 1.1 - November 2013)