headings

ordliste
 

A - B - D - E - F - G - H - I - J - K - L - M - N - O - P - R - S - T - U - V - Y - Æ - Ø - Å

Hesten - Veven - Sleden

 
 
site search by freefind
 
 

DIALEKT

NYNORSK

FORKLARING

LYD

K (side 1)

 

 

 

 

 

 

 

kaffibrænnar m.

kaffibrennar

før i tida kjøpte ein rå kaffi, ”grønæ kaffibåuni”, som måtte brennast

kaffirikkæ f.

kaffirikke f.

trekopp til å mala kaffi i, ei slags tidleg form for kaffikvern, likna på ein morter;
eit anna slag ”kaffikvern” var eit uthola trestykke som dei heldt mellom føtene og
rulla så over kaffibaunene med eit kjevle

kaftæin m.

kaptein

 

kagg m.

kagg

handtak på ljåorv («kaggørv», s.d.)

kaggji m.

kagge m.

kagge, lagga trekjerald som var sett på kant og tetta med spuns; «mysukaggji»;
«brænnævinskaggji»; «mjølkækaggji»; sjå ”dull”

kaggørv n.

kaggorv

ljåorv med to «kagga» (handtak), båe på framsida av orvet

kahslægras* n.

kaslegras

blågrønt gras av kjerringrokkfamilien med stiv stratt (skavgras), nytta til «tugu»
(gryteskrubb) for trekjerald

kakjismøa f.bf.

katekisma

(eller «kakjismea»), «Luthers vesle katekismus»

kakkjils m.

kakkels

jamning (i matlaging), tjukningsmiddel. Jf. «kakkæ»

kakkæ v.,-a

kakke

1) banke lett og tidt; «kakkæ på døre», 2) «kakkæ nepå»: ha på mjøl eller jamning
(mjøl og vatn eller mjølk). Jf «kakkjils»

kaku f.

kake

brød utbaka som runde kaker (t.d. «rukaku», «asningskaku»; «gøngækaku»),
til skilnad frå «bakæls» (kaker), s.d. «smør o kaku»: smørbrød; „kakuknøu“: brøddeig

kakubryne f.

kakebryne

(frå gamalt av sagt «kakubrjyne») brødskive

kakulinna f.bf.

kakelinna

mildvêret før jul

kakusjivu f.

kakeskive

brødskive (brøddeig vart baka ut i runde kaker)

kalæ f.

karde

reiskap til å karde (greie) ull med (ordet blir helst brukt i fleirtal; «kalu»);
«å kala ulle før dæi tulla te spinning»

kaldbit m.

kaldbit

hoggjarn til å hogge kaldt jern med

kaldvøle(nt)

kaldvore(nt)

nokså kaldt

kall m.

kall

1) gamal mann; «æin gamal kall», 2) gamalt tre som står åleine; «søljukall»: gamalt seljetre

kallæ v.,-a

kalle

1) rope, lokke, t.d. på husdyr, 2) nemne, gje namn; «kallæ uppatt onga» gje ungar same
namn som t.d. besteforeldra; «uppattkalla»; «kallæ nokon»: kalle nokon med utnamn

kalæspiker m.

kardespikar

kardespikar, liten firkanta stift med stort hovud

kamar n.

kamar

utedass

kanavanål f.

kanavanål f.

brodérnål med særs stort hovud

kanningsdele n.

kanningsdele

grensa for eigedom som ein har brukt ei tid og som ein dermed reknar seg som eigar av

kanningskrytyr n.

kanningskrøter

framandkrøter som gjev seg til i bølingen

kannæ f.

kanne

mugge med tut og lok; «kaffikannæ»; «ølkannæ»

kannæ v.,-a

kanne

1) ”søya vildæ kji kannæ te se lambæ”: søya ville ikkje ta til seg lammet som sitt eige;
2) «kannæ te se noko»: skaffe seg noko som ein etter ei tid tek til å rekna som sitt eige,
sjølv om ein ikkje direkte har betalt eller gjort avtale med eigaren; sjå ”kanningskrytyr”

kans m.

kans

1) venskap som er overstadig for ei tid, men så går over; «ikkji vært å ha kans mæ dæi»
2) om venskap el. anna forhold der den eine parten har fordel av det

kansi

kanskje

 

kantæfæll m.

kantefell

potet, mest brukt i Gol, men også t.d. i Eikregardane (også brukt ”kantæføll);
i Hemsedal mest brukt ”jolæpple” eller berre ”æpple” , sjå Venås: Hallingmålet, s. 275

kapittelfæstæ v.,-a

kapittelfeste

stadfeste kvar noko står i Bibelen

kapar

kopar

 

kappast v.,-test

kappast

konkurrere

kapphænt

kapphendt

om ein som arbeider like godt med ”venstra” som med ”høgra”

kappkjøyræ v.,-dæ

kappkøyre

køyre om kapp

kapprutut

kapprutut

om tøy med like (like store) ruter

kar n.

kar

1) oppbygd stenge framme («framkar») og bak («bak-kar») på fôrslede; «kar-bænde»:
taum til snøring, 2) flat rygg på stol; «kar-stol» (i motsetnad til «julstol»
(som hadde rundt ryggstø) eller krakk

kara v.,-a

kara

dra saman, rote, grava; «kara te se mæ rivun»: kare til seg med riva; «kara værmen»:
dra i hop glørne med ei ”karu”og ha oske over dei så varmen held seg

kardus m.

kardus

mild røyketobakk med fint snitt

karstol m.

karstol

stol med flatt ryggstø

karvæ (sunt) v.,-a

karve (sund)

dele opp, skjera i smått

karæ f.

kare

reiskap til å ”kara” eller skrapa med; sjå ”reku”

karæsia f.bf.

karesida

mannssida, høgre sida i kyrkja, motsett: «kvænnfølksia» (s.d.)

kasa på v.,-a

kasa

skunde seg med noko som skulle utførast, t.d. eit arbeid

kassabæl

kassabel

utbrukt, som kan kasserast

kast n.

kast

«dæ va so i di kaste»:det var noko i den lei, det var omtrent slik

kastæ se v.,-a

kaste seg

1) spenne hallingkast, 2) gå tilbake på ein handel

kastæ upp

kaste opp

1) spy, 2) leggje opp til strikking; «kastæ upp møsku»

kastæbytæ v.,-tæ

kastebyte

byte utan ”myljolag” (mellomlag)

kastæskøvvæl m.

kasteskovl

uthola lite trebrett, brukt til å kaste «drøsén» utover låvegolvet.
Det tyngste og beste kornet («stritt kødn») fór lengst, medan det lettaste og dårlegaste
(«lette») datt ned nærare. Slik fekk ein skilt godt og dårleg korn.

kattæ f.

katt

han- og hokatt

    K (side 1)
gå til side 1 2 3 4 5 6 7 8 9
  neste side >>