headings

ordliste
 

A - B - D - E - F - G - H - I - J - K - L - M - N - O - P - R - S - T - U - V - Y - Æ - Ø - Å

Hesten - Veven - Sleden

 
 
site search by freefind
 
 

DIALEKT

NYNORSK

FORKLARING

LYD

K (side 7)

 

 

 

 

 

 

 

kræsén

kresen

vand på maten, som kvier seg for å ta i noko motbydeleg

kræst o bræst

krest og brest

uttrykk for at ein skulle spandere det beste

kræv

kræv

1) om mat som er nærande, feit og sterk i smaken; «dæ æ kræfft»
2) om folk som er sterke og strevsame; «dæi æra krævæ»

krøkji se v.,-tæ

krøkje seg

bøye seg, stå krokut

krøklén

krøklen

stiv og krokut, om t.d. fingrane eller kroppen

krøklæ f.

krøkle

1) krake av bjørk eller brisk, 2) eit gamalt, magert og utslite menneske (eller fe)
som er ”krakjin te gå”

krøknæ v., -a

krøkne

bøyast, bli krokut

krøpæ v., kraup

krype

krympe (særleg om tøy)

krøsja v., krustæ

krysja

knuse, men brukt i mange samanhangar, t.d. «krøsja i gang»: setja i gang, dure i veg,
køyre i veg eller t.d. om å ofre eller gje noko

krøss

kors

 

krøssmæss f.

krossmess

14. september

krøssæ v.,-a

krosse

høgtide, be nokon om eit eller anna (sjølv om ein ikkje har lyst, t.d. fordi ein ikkje
likar vedkomande); «han vildæ kji krøssæ´n mæir»

krøtén

kroten

oppsmuldra; ”krøtustæll”: noko som har smuldra opp

krøtu f.

krote

det som vart att når ein silte smelta feitt gjennom ein «krøtupøse», slik dei gjorde når
dei slakta

krøtupøse m.

krotepose

raggpose, strikka av geiteragg eller rovetagl frå kyr («tagglæpøse»),
nytta til å sile smelta feitt gjennom

kråkæskrællæ f.

kråkeskrelle

innretning av tre som bråkar og skræmer bort fuglar og dyr

kråm n.

kram

nødvendige småting; «kråmkar»: omreisande seljar som hadde koffert med alle slags
småting Jf. «kræmmar», «æin som fór omkring mæ kråm», også brukt om ”kråmas”

kråmas n.

kråmas

plageånder, helst brukt om ustyrlege ungar, ”småkråm”, men også om ungdyr

kråmbu f.

krambu

landhandel, butikk, krambu (ofte forkorta til berre «bu»; «på bun»: på krambua)

kråmbukar m.

krambukar

handelsbetjent, ekspeditør

krånæ v.,-tæ

kråne

koma seg, bestne etter sjukdom; «tæk te krånæ te att»

kråunæ v.,-a

kraune

klage og ynke seg, både over seg sjølv og over andre

kråv n.

krav

tunt lag av is (akkurat når isen legg seg)

kråvæ på v.,-a

krave på

i ferd med å fryse og leggje seg tunn is på vatnet

kubbæ se v.,-a

kubbe seg

kvile, slappe av, kose seg

kubbækast n.

kubbekast

kollbytte, rundkast, når ein dett, rullar rundt og så kjem på føtene att

kuldrént

kuldrent

vanskeleg å få til, t.d. om arbeid

kuldræ v.,-a

kuldre

prate utydeleg

kulp m.

kulp

kulp, djup hole i ein bekk eller ei elv

kultén

kulten

rundvaksen; «kultén fisk»

kupæ f.

kupe

kopp av uthola ”klundræ”, med handtak på eine sida eller på båe sider, t.d. ei ”kjyrukupæ”

kurræ v.,-a

kurre

roe, ha det roleg, «kurræ matn»: ta det med ro etter at ein har ete; «kurt o stilt»;
«so kurrænde stilt»: heilt stilt

kurrstadd

kurrstadd

(eller «kurrsitin»), som er i ro lenge, t.d. om hest som vart ståande roleg i lengre tid
og måtte trenast opp att; ”dæ ska go rygg te bæra goæ daga”

kurv m.

kurv

1) pølse; «mør(æ)kurv»: kjøtdeig og innmat blanda med blod, krydder (steikt);
«spikjikurv»; hatt i reingjorde tarmar, hengt til speking, 2) «kjøtkurv»; kjøtdeig,
3) «æin litn kurv»: ein liten, men rundvaksen gutunge eller kalv

kurvæmat m.

kurvmat

kokt «mørkurv» (som pølse) med potet og sø

kurvæspetu f.

kurvspite

pølsepinne, pinne til å hengje pølsene opp etter, og til å stengje for innhaldet ved koking
eller pressing

kuvén

kuven

konveks, litt (bøygd) ut på midten

kvandas

kvardags

«kvandasle»: kvardagsleg; «kvandasklæu»; «te kvandasbruk»

kvanni m.

kvannjol

gamal medisinplante, grønsak (Jf. staden Kvannegrøo). Jmf. kvannol. Også brukt ”kvann”

  << tilbake K (side 7)
gå til side 1 2 3 4 5 6 7 8 9
  neste side >>