headings

ordliste
 

A - B - D - E - F - G - H - I - J - K - L - M - N - O - P - R - S - T - U - V - Y - Æ - Ø - Å

Hesten - Veven - Sleden

 
 
site search by freefind
 
 

DIALEKT

NYNORSK

FORKLARING

LYD

L (side 4)

 

 

 

 

 

 

 

lurdan m.bf.

laurdag(en)

«lurdasvask»: laurdagsvask

lurk m.

lurk

øyrefik; «æin lurk unde øyra»

lurv m.

lurv

mindre bra mannsperson, også brukt om dyr

lurvén

lurven

ein som er lurvut, ustelt, t.d. i pelsen (om dyr) eller på håret (om folk)

luskæ v.,-a

luske

1) luske, snike, 2) («luskæ» eller «lyskæ») leite fram lus

lussi n.

losji

overnatting. Jf. «løssi»

lusæfrjø n.

lusefrø

giftig pulver til å drepa lus med, kunne kjøpast på apoteket

lusæhatt m.

lusehatt

tyrihjelm, giftig plante av soleiefamilien

lut m.

lut

del; «fyrilutn»: fyrste delen; «ettelutn»: siste delen; «uti lute»: i innarste delen av fjøset eller
løa; «fiskelut»: fiskestykke

lut og læté

lut og læte

framferd og tale

lutars

lutars

«slå te lutars»: når slåttekar og eigar deler likt

lutæ v.,-ttæ

lute

”lutæ se”: lute seg, bøye seg ned (for å ta opp noko); ”væra lut”: gå framoverbøygd

luu f.

løe

 

luva f.bf.

sigershuva

når ein unge vart fødd med restar av fosterhinna på hovudet, det skulle føre lukke med seg

luvæ v.,-a

luve

«gå luvæ»: gå nedtrykt, med hovudet framoverbøygd, samansigen, slapp eller likeglad;
”luvén”: sjaber og slapp

luvæbrjøt n.

luvebrot

luvebrem, bremluve

luvæn m.bf.

luven

«ta luvæn på nokon»: dukke eller overgå nokon

luæ v.,-a

lue

stå til; «gå før å sjå koss dæ lua»: gå for å sjå korleis det stod til

ly

ly

lett å høyre, som høyres langt; «bjølla æ ly»; «dæ æ lytt i luftn»

ly m.

lyd

samling av mange menneske, t.d. «lagly»; «husly»: huslyd, familie; «han har stor ly»;
«han fløttæ mæ hæilæ lye»

lyan-te

lyande til

som høyres ut til; «dæ va lyan-te dæ»: det høyrdes slik ut; «e lyddæ dæ te slik»:
for meg høyrdes det slik ut, (eg trur det var slik meint); «dæ lyddes(t) ut te dæ»

lygn f.

lygn

skrøne, noko som ikkje er sant, ”som ikkji æ aktan”

lygnæ f.

lygne

lun stad; «i lyggnun»: i le

lykjil m. flt. lykla

lykel

1) lykel; «lykklæknippe»: fleire lyklar, lykleknippe,
2) hudtapp under haka på geiter, ein på kvar side, difor berre brukt i fleirtal

lykkjæ f.

lykkje

innhegna engmark som låg lågt i terrenget

lyri n.

lyderi

«stå på lyri»: tjuvlytte

lyse n.

lyse

tran, brukt i lamper i staden for parafin, i nyare tid helst brukt til skinnreiing

lysings-sjæi(d)æ
n.bf.

lysings-skeidet

grålysinga, overgangen frå natt til dag, når det var så lyst at ein kunne «ta æit sjæi»:
køyre med hest eit stykke

lystlæire f.bf.

lystleire

kantina, opphaldsrommet med servering (i militæret)

lystræ v.,-a

lystre

1) fange fisk med ein gaffelliknande reiskap med mothakar, ein ”lystær” 2) lye, vera lydig

lyæ v.,-ddæ

lyde

1) høyre, lytte; «lyæ på mæssa i radion»; «han sto o lyddæ»,
2) «lyæ innom»: gå på besøk for å høyre korleis det står til

læ n.

lêr

«sko-læ»; «sule-læ»: sole-lêr; «ivi-læ»: over-lêr; «hælkæppæ-læ»: hælkappe-lêr

læa v., laddæ

lada

stable ved, leggje ved i stablar, jf. « la»

lægd f.

legd

tilsynsplikt på garden, plikt til å ta imot fattigfolk eller soldatar

leggji v., la

leggje

«dæ læggs-te enkort»: det er så ymse å ta seg av eller koma ut for

læggjingsa m.flt.

leggins

leggsokkar

læi

lei

slem, ekkel; «må kji væra læi ve gutn»

læi f.

lei

lei, retning; «gå sama læie»

læikandband n.

leikandband

bindsel av to trestykke der det eine kan snu seg i det andre, leikende

læi(d)nas v.,

lei(d)nas

bli lei av arbeid eller mat; «æta se te læi(d)nas»: ete seg lei (av noko)

læinæ f.

leine

grasvaksen helling i fjellet

læirty n.

leirtøy

steintøy

læisskle

leidsleg

leitt

læislætamd

leisletamd

som har lært å gå i band (om dyr)

  << tilbake L (side 4)
gå til side 1 2 3 4 5 6
  neste side >>