headings

ordliste
 

A - B - D - E - F - G - H - I - J - K - L - M - N - O - P - R - S - T - U - V - Y - Æ - Ø - Å

Hesten - Veven - Sleden

 
 
site search by freefind
 
 

DIALEKT

NYNORSK

FORKLARING

LYD

S (side 18)      
       

syknæsundan

syknesundagen

siste sundag før jul; sjå ”lortælurdan”

syllatær m.

soldat

soldat

sylspret n.

sylspret

syl-odd (det var to slags syl: «pluggæ-syl» og «såumæ-syl»); «spret»:
også sagt om ung jente

syltæ f.

sylte

1) grisesylte; «syltæflæsk», 2) syltetøy, ”møltæsyltæ”,
3) i uttrykket «hæilæ sylta»: alle saman, heile hopen

syn n.

syn

”ta dæ i åugæsyn»: sjå på det; «sjå se syn te»: sjå seg i stand til;
«haddæ kji syn før slikt»: hadde ikkje interesse nok til å bry seg om slikt

syndale

synderleg

ergerleg, sårt, stussleg; ”dæ va syndale lite”

synst

synst

lengst sør; «synst i bygden»

syrpén

sørpen

blaut, oppbløytt

syrpæ f.

sørpe

t.d. agner eller hakka halm med «æi mjøldust» oppi, blanda med varmt eller kaldt vatn
og brukt til mat for kyr eller hest

syrpæbyttæ f.

sørpebytte

matkjerald til kyr, bytte til å bera «syrpæ» i. Ein eller to stavar var lengre enn dei andre
og forsynt med hol til handa, slik at bytta vart lettare å bera og halde ut frå seg på vegen
frå løa til fjøset

syræbrø n.

syrebrød

brød av mjøl blanda med syreblad

sysjin n.flt.

sysken

 

sysjinbådn n., flt.
-bøddn

syskenbarn

 

syvlæ v.,-a

syvle

av «suvvæl» (s.d.); «syvlæ se»: kose seg med god mat; «dæ va syvlæle» eller
«dæ va syvlént»: det var godt (om mat)

sæddælbok f.

setelbok

pengebok

sæig

seig

1) sterk, uthaldande, 2) langdryg og tung; «sæigæ daga»: lange (og tunge) dagar;
«sæigt å væntæ»: lenge å vente, t.d. på folk som skulle koma, eller på å få betaling

sæindræ

seinare

sækstan

seksten

talet seksten

sæl

sæl

tilfreds, nøgd; «sjå se sæl i»: vera glad for (det ein har eller det ein kan få)

sældæ v.,-a

sælde

1) «sældæ or se»: koma med ei kraftsalve, 2) fara fort i veg,
3) sålde, reinske korn med såld

sælmædik m.

salmodikon

einstrengja strykeinstrument

sælog(a)

sælog(a)

(også uttala «selog») ord som vart brukt når ein kalla på kyrne; «sælog, kåme no»

sælskle

sælskleg

gledeleg, godt og triveleg, fint, jf. «sæl»

sælæbot f.

sælebot

sjelebot, hjelp i naud, velgjerning

sæmja te v.,
samdæ

semja

gå seg til (t.d. om nye skor og klede); «dæ sæm se te lite ette kort»: det går seg til litt
etter kvart

sæmjast v.,
samdest

semjast

bli samde

sæmmlæ f.

simle

hodyr av rein

sæmpræ v.,-a

sempre

få til å passe; ”du får sæmpræ dæ te”

sæmskasjinn n.

semska skinn

å «sæmskæ»; ta av hår og brødd før dei barka skinnet

sænd

senn

«lite i sænd»: litt av gongen; ”ein om sænd”: ein om gongen

sændan

sendande

«kåm sændan»: om noko som kom fort

sændén

senden

kornut, sandut (om prim); «dæ sænda se»

sænding f.

sending

mat ein tok med til barseng og andre «væhslu» (s.d.)

sændingskørg f.

sendingskorg

korg til å ha «sænding» i, sveipt av spon

sængræ v.,-a

sengre

lukte svidd (om ulltøy eller hår)

sænjipløgg-gang
m.

sengeplagg-gang

eitt sett sengetøy (det som høyrde med var «fæld» eller «vattæ», «kvitil», «høvdælag»
og «åklæ»)

sæntæl m.

sentel

mål brukt ved veging av «pottaskæ» (s.d.), 8 bismarpund + 8 merker = 50 kg.

særk m.

serk

lang skjorte nærast kroppen, med eller utan ermar (kvinneplagg)

sæss m.

sess

sitjeplass; ”sæssæfjøl”: sitjefjøla i vevstolen

sæssjon m.

sesjon

utskrivingsmøte for dei som skulle i militærteneste

sæssæ se v.,-a

sesse seg

setja seg, finne seg ein sess, ein stad å sitja; «då alle hadde sæssa se»:
då alle hadde sett seg

  << tilbake S (side 18)
gå til side 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19
  neste side >>